Fredag var det gebursdagskalas på Vågåmo skule. Skulen som fyller 50 år dette året vart feira av elevar, tilsette, foreldre, ordførar og andre.

Aulaen på skulen var full av folk som tok del i ei innhaldsrik morgonsamling, pølsefest og blautkakeeting.

Vågåmo skule hadde open dag heile fredag, der alle som ynskte kunne ta ein tur innom for å sjå på utstillingar og kva elevane heldt på med.

Alle som stakk innom skulen i løpet av dagen fekk også forsyne seg av den seks meter lange blautkaka som var stelt til for 50-årsjubilanten.

Sjå video frå kakefesten øvst i saka.

Les meir frå jubileumsfeiringa i Fjuken neste veke.

Det var stor kakefest på Vågåmo skule fredag. Foto: Tom Erik Solstad
Blautkaka var seks meter lang. Foto: Tom Erik Solstad