Det var ein glad rådmann Svein Holen som konkluderte slik seint torsdag kveld, rett etter at kommunestyret i Skjåk vedtok å ta imot inntil 15 flyktningar i 2016. Det er på talet like mange som IMDi har bede Skjåk kommune om å ta imot.

Kommunestyret i Skjåk ser føre seg at fem av desse 15 skal vera einslege born og unge. Rådmannen får fullmakt til å forhandle med Opplysningsvesenets fond om leigevilkår for prestebustaden. Vedtaket vart fatta med 13 mot 8 røyster. Mindretalet røysta for å ta imot inntil 12.

Rådmann Svein Holen var engasjert både før debatten, i debatten og etter debatten.

– Eg ser på dette som ei omdømesak for Skjåk. Skjåk kommune blir av mange, blant anna fylkesmannen, peikt på som ein kommune med store økonomiske musklar og store moglegheiter. Dersom vi ikkje skal ta imot så mange vi blir oppmoda til, kven skal då gjera det? undra rådmannen.

Les meir i papiravisa.