Det skal skje mykje både innvendig og utvendig.

Ny fasade, nytt inngangsparti, eit utandørs informasjonstorg som skal vera ope 24 timar i døgnet, innandørs klatrevegg for ungar, publikumsareal og mykje meir. Huset som fram til nå er definert til å vera Norsk fjellmuseum, skal utviklast til å bli Norsk fjellsenter.

– Det vi driv med nå, med alt inventar og anna inkludert, er kostnadsrekna til om lag 11 millionar kroner. Det er Brun Bygg AS i Vågå som har fått entreprisen, og dei er godt i gang. Vi har delt utviklinga av det komande fjellsenteret inn i faser. Vi finansierer opp ein fase om gongen, slik at vi veit det ikkje blir stopp midt i ein byggjeprosess. Neste steg er å få den nye utstillinga ferdig i 2017. Da er vi oppe i om lag 18 millionar kroner, fortel dagleg leiar Mai Bakken.

Ho fortel at bygdafolket har synt stor interesse for byggjeprosessen.

– Fleire har vore innom for å sjå og spørje. Det set vi stor pris på! Somme seier dei gler seg jælma til å sjå korleis det blir, andre seier dei er spente. Det er i det heile ei stor, positiv interesse for det som er i gang, oppsummerer Mai Bakken.

Dersom alt går som planlagt, skal ombygginga stå ferdig i april neste år.

– Fleire lomværar har vore innom her for å sjå og spørje. Det set eg pris på, seier dagleg leiar Mai Bakken. Foto: VIGDIS KROKEN