Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) ber Skjåk kommune ta imot 15 flyktningar i 2016 og 15 flyktningar i 2017. Torsdag kveld skal kommunestyret i Skjåk ta den endelege avgjerda.

Det var førre veke at formannskapet i Skjåk, med tre mot to røyster, vedtok å ta imot inntil 12 flyktningar kvart år dei neste to åra, gjerne einslege mindreårige. Einslege og mindreårige flyktningar ser Skjåk kommune føre seg å busetje i prestebustaden, i eit bufellesskap.

– Eg har heile tida sagt at vi må ha eit apparat som er godt nok til å ta imot flyktningane på ein god måte. Dei som kjem skal ha eit verdig tilbod, seier ordførar Elias Sperstad. Kva han sjølv vil gå for torsdag kveld - og kva Sp vil gå for, som sit med reint fleirtal - har han ikkje svar på førebels.

– Vi har ikkje diskutert ferdig.

IMDI ber Lom kommune om å ta imot like mange som i Skjåk: 15 i 2016 og 15 i 2017, medan Vågå blir bedne om å ta imot 18 flyktningar per år dei neste to åra.