I samband med Tor Jonsson-markeringa i 2016 ynskjer Tor Jonsson-laget å leggje ned fire steinheller i asfalten i Lom sentrum; ei ved Vassvaglen, ei framføre Bakeriet i Lom, ei på Kyrkjevollen (framføre hellelagt stig mot kyrkja) og ei framføre biblioteket.

Steinhellene skal fellast ned i asfalten slik at dei skal tole tyngda av bilar og ikkje vera til hinder ved brøyting.

På hellene skal det fresast ut sitat av diktaren i svart farge. Sitata vil vera følgjande:

Ved vassvaglen:

«Men tvilen er ein god veg for den som orkar å gå han».

Framføre bakeriet:

«Kornet mognar i stille kveldar om dei er borte som såmenn var».

Kyrkjevollen:

«Dei gløymest dei gjæve, og alt det dei gjorde. Men livet er æve. Og evig er Ordet».

Framføre biblioteket :

«De som ikkje har råd til noko unyttig, vil alltid vera fattig».

Lom kommune har gjeve løyve for tiltaket.