Sundag kveld held ei patrulje frå UP saman med politiet i Ottadalen, trafikkontroll på riksveg 15 ved Klones.

Her er fartsgrensa 60 kilometer timen.

Det vart skrive ut 12 forenkla førelegg for høg fart, pluss at to bilførarar mista førarkortet.

Høgste hastigheit var 101 kilometer i timen. Grensa for beslag er 86 kilometer i timen.

Kva slags reaksjon dei to bilførarane får, blir avgjort av jurist ved Gudbrandsdal politidistrikt, får Fjuken opplyst av operasjonsleiar.