Våren 2011 vart skulpturen til den amerikanske kunstnaren Dan Graham avduka ved Lemonsjøen.

Skulpturen ved Lemonsjøen var ein del av skulpturprosjektet «Kunst i sentrum» i Oppland, der tre kommunar fekk tilbod og takka ja til kvar sine forskjellige skulpturar. Den amerikanske kunstnaren Dan Graham skulle lage skulpturen i Vågå, og to andre kjende kunstnarar fekk oppdraga i Gran og Sør-Fron. Kunstnaren Dan Graham hadde sjølv peika ut kvar i Vågå han ønskte at skulpturen skulle stå. Valet fell på Lemonsjøen.

Under eit besøk i bygda vart Dan Graham så oppglødd av tømmerveggane i dei gamle husa på Valbjør gard at han teikna inn ein spesiell trevegg i glasskulpturen. Denne treveggen som deler glasveggen i to, er laga av malmfuru frå Sjodalen som material.

Mange turistar stoppar og studerer skulpturen sommarstid der vatnet på Lemonsjøen speglar seg i glasveggen. Nå vinterstid er det snø og is som dekorerer kunstverket, ljossett av ei låg vintersol.

Is og snø dekorerer glasveggen. Foto: ARVE DANIELSEN