– Eit trafikkfarleg kryss, uoversiktleg med bilar på kryss og tvers, seier lensmann Tor Trønnes om krysset i Randen med riksveg 15 og fylkesveg 51.

Tryggaste alternativet

Den 17. juni i sommar omkom ein tysk motorsyklist i ei ulykke i krysset ved Randen. I etterkant av ulykka i sommar skreiv lensmann Tor Trønnes til Statens vegvesen der han kom med forslag til løysing for å få ned farten i krysset ved Randen.

– Einaste løysinga på problemet i krysset ved Randen er å etablere ei rundkøyring. Eg ser det som det tryggaste alternativet for eit tryggare kryss, seier Trønnes. Han seier at ei rundkøyring fysisk vil krevje at dei køyrande må senke farten.

Køyrer fort

I tillegg til krysset i Randen, kjem lensmannen også med forslag om rundkøyring på fylkesveg 51 i krysset med fylkesveg 257 i Randsverk. Her er fartsgrensa 60 kilometer i timen, men det blir køyrt langt fortare. Innehavar av Randsverk kiosk og camping har etterlyst tiltak før det skjer ei ulykke.

– Rundkøyring er ei billig løysing for tryggare ferdsel, seier Trønnes.

Blir vurdert

Statens vegvesen vil ta stilling til om det er mindre tiltak som må gjennomførast i krysset i Randen når rapporten etter ulykka i sommar er ferdig. Seksjonssjef Lars Eide viser til reguleringsplanen for utbetring av krysset i Randen som vart vedteke i 2013, og skriv i eit svar til lensmannen at prosjektet vil blir vurdert i arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2021, som startar opp i 2016.

Reguleringsplan

Når det gjeld utbetring av krysset i Randsverk, tek Statens vegvesen innspelet frå lensmannen med i vurderinga av det vidare arbeidet med Handlingsprogram for fylkesvegar 2018-2021.

– Vi vil anbefale at krysset blir inkludert i ein eventuell reguleringsplanprosess for området, knytt til utvikling av campingplassen på staden, skriv seksjonssjef Eide.

Lensmann Tor Trønnes vil ha rundkøyringar både i Randen og Randsverk. Foto: ARVE DANIELSEN