Nye skilt i Skjåk Næringspark er nå på veg opp. Det er Skjåk Næringsnettverk som står for skiltet, med støtte frå næringsfondet i Skjåk kommune.

Det var Skjåk Utvikling som starta arbeidet med nye skilt, og etter at dette vart lagt ned er det næringsnettverket som sluttfører arbeidet.

Ola Aaboen som har vore med frå starten med å få på plass nye skilt, fortel at det nå manglar berre kart og ljos på hovudskiltet før ein er ferdig. Han fortel at ein i tillegg til hovudskiltet, også skal setje opp retningsskilt til bedriftene i næringsparken i alle vegkryss.