Rett før klokka 08 torsdag morgon vart det påkøyrd eit rådyr på Rv15 om lag ein kilometer vest for Stusnes i Lom. Rådyret sprang vidare og viltnemnda vart varsla.

Rundt ein time seinare, klokka 09.00, vart det meldt om ein ny viltpåkøyrsel på riksvegen. I Bismo vart ein elg påkøyrd av ein trailer ved Skamsarbrua. Elgen sprang vidare etter påkøyrselen. Viltnemnda vart varsla og er ute og leitar etter dyret.

Det oppstod ingen personskader i samband med dei to viltpåkøyrslane torsdag morgon.