Det er att sju månader til Countryfestivalen i Skjåk brakar laus, men allereie onsdag denne veka opna arrangørane Geir Ove og Lena Jenny Melby bookinga til festivalcampingen.

– Mange likar å vere tidleg ute med å bestille seg ein plass på campingen. Fleire veit akkurat kva plass dei ynskjer seg, fortel Lena Jenny. Ho reknar med at bestillingane som tidlegare år vil strøyme inn via nettsidene og på telefonen i tida framover.

Samstundes som bookinga for neste års festival vart opna denne veka, sleppte arrangørane namnet på eitt av banda som skal spele. Det populære festcountrybandet «Vassendgutane» kjem attende til Skjåkøygarden neste år, og skal opne festivalen frå hovudscena torsdagskvelden.

– Vi tykkjer det er stor stas at dette bandet kjem attende til oss, og at dei attpåtil har 20-årsjubileum neste år er morosamt. «Vassendgutane» opna festivalen for både to og tre år sidan, og eg håpar og trur at det blir like god stemning nå som da, seier Lena Jenny Melby.

Ho er snart i mål med artistlista for Countryfestivalen som går av stabelen frå torsdag 30. juni til sundag 3. juli.

– Elleve band og artistar er så langt i boks og vi manglar å få på plass berre tre-fire artistar før lista er komplett, fortel ho, og legg til at heile artistlista for festivalen som vanleg blir offentleggjort utpå nyåret.

Lena Jenny og Geir Ove Melby. Foto: Tom Erik Solstad/ Arkiv