Det er Opplysningsvesenets fond som eig prestegarden i Skjåk.

– Vi er i forhandlingar med Opplysningsvesenets fond, ikkje for å kjøpe prestegarden, men fordi vi er interesserte i å leige. Eg meiner prestegarden er godt eigna som eit bufellesskap for flyktningar, seier rådmann Svein Holen.

Fyrstkomande tysdag skal formannskapet i Skjåk ta stilling til kor mange flyktningar dei ser seg i stand til å ta i mot. Rådmannen rår politikarane til å ta imot det talet Skjåk blir bedne om å ta imot. Talet er usikkert. Kommunestyret har tidlegare vedteke å ta imot seks flyktningar i 2016 og seks i 2017. Nå kan det blir 12 eller fleire i 2016 og truleg enda fleire i 2017. Pluss familiegjenforeiningar.

– Ein av flaskehalsane er bustader. Heldigvis har fleire private i Skjåk meldt at dei har hus og leilegheiter dei kan leige ut. Parallelt med at vi tenkjer på bustader til flyktningar, må vi ikkje gløyme at andre vanskelegstilte i Skjåk må ha tak over hovudet. Det er viktig å ha fleire tankar i hovudet samstundes, seier rådmann Svein Holen.

– Fyrst og fremst må vi i Skjåk kommune ta vår del av ansvaret for å hjelpe flyktningar som ventar på busetjing, skriv rådmann Svein Holen i si saksutgreiing til formannskapet. Foto: VIGDIS KROKEN