Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein jubilant som får ei overrasking i posten. Jubilanten blir trekt ut blant alle helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag, og blir offentleggjort på våre nettsider kvar laurdag.

Denne vekas jubilant er Amalie Forreløkken Hovland frå Skjåk. Ho fyller ni år sundag 15. november, og kan vente seg ei pakke frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.

Gratulerer med dagen, Amalie!