Førre veka vart det oppdaga at nokon har spraymåla eit hakekors ved Søre Grindstugu barnehage. Vågå kommune har meldt hendinga og politiet ser alvorleg på saka.

Dette har opprørt bygdefolket. Sundagskvelden blir det markering mot rasisme.

Vågå SV ynskjer saman med Vågå Arbeidarparti, Vågå Senterparti og Bygdalista for tverrpolitisk arbeid å invitere til ei tverrpolitisk markering der ein kan vise at Vågå er ei varm og inkluderande bygd der alle skal trivast og kjenne seg trygge.

Etter siste vekes hendingar og medieoppslag om rasistiske haldningar som har kome til uttrykk i Vågå, blir alle innbyggjarane i kommunen oppfordra til å ta avstand frå framandfrykt og intoleranse.

Sundag kveld klokka 19.00 blir det markering ved kulturhuset. Det blir tenning av ljos i området rundt barnehagen.

Dei politiske partia vil halde appellar og det blir musikalske innslag.