Eksisterande låve på Ullinsvin skal byggjast om og på og bli Galleri Vågå. Namnet er førebels, kanskje blir det heitande noko heilt anna. Men innhaldet og korleis det skal sjå ut, vart presentert for pressa torsdag.

Når bygget er ferdig, truleg på seinsommaren i 2017, skal det innehalde galleri, auditorium, bokcafè, resepsjon, garderober og toalett. Moglegheitene er mange og spennande, det er dei samde om, fotograf Morten Krogvold, ordførar Iselin Jonassen og leiar i forprosjektet Tone Bakken.

Om lag 8.000 menneske har vore på fotokurs med Morten Krogvold i Vågå.

– Det er teke fantastiske bilde, mange av dei i verdsklasse. Desse bileta skal synast fram i galleriet, det skal haldast kurs og workshops. Eg ser føre meg at bygget skal kunne brukast til mykje anna, det skal vera eit levande bygg med oppdaterte utstillingar av bilete, gamle og nye, måleri, anna type kunst, ulike arrangement. Det finst ingen grenser. Eg er svært glad for at galleriet blir liggjande i gangavstand frå sentrum. Hugs at fotografering er verdas største hobby, ved sida av fisking. Moglegheitene er fantastisk store og svært spennande, seier ein entusiastisk Morten Krogvold og slår fast at han ser på planane som «rett og slett perfekte», som han uttrykkjer det.

Kva prosjektet vil koste, er det ingen som har svar på førebels. Det blir det rekna på i desse dagar.

– Men alt tyder på at kostnadene blir noko rimelegare enn dei summane som tidlegare har surra i lufta, fortel Tone Bakken.

Ordførar Iselin Jonassen fortel, på spørsmål om korleis prosjektet skal finansierast, at dei er i dialog med eksterne bidragsytarar.

– Vi har fått gode, positive attendemeldingar frå fleire. Oppland fylkeskommune er blant dei som har uttrykt begeistring for planane og som har gjeve oss positive signal, seier ho.

Slik vil den gamle låven på Ullinsvin sjå ut når alt er ferdig på seinsommaren i 2017. Foto: BASE ARKITEKTER AS