På flyplassar der ein ikkje har tilstrekkeleg med tryggleikssoner i endene av rullebanene, blir det bygd eit såkalla sikringsbed med porøst materiale. Dette bedet er laga for å kollapse og deretter bremse ned eller stoppe fly - med minimale skadar på flyet og dei ombord.

Administrerande direktør i Norsk Glassgjenvinning AS (NGG), Kjell Håkon Helgesen, fortel til Teknisk Ukeblad at dei visste dei hadde utvikla noko med stor verdi, men at dette låg langt unna kjerneverksemda, attvinning av glas og produksjon og sal av Glasopor, og at det rettaste var å selja teknologien. Det svenske selskapet Runway Safe har kjøpt rettane og svenskane sit nå med kontraktar verd om lag 200 millionar kroner.

Hittil er 4.000 kubikkmeter sendt frå Glasitt i Skjåk til Chicago, og det same systemet er nå i ferd med å bli innført på fleire flyplassar og rullebanar i USA.

Sjølv om rettane til produktet er seld til det svenske selskapet, blir materialet ennå produsert ved anlegget i Bismo i Skjåk.

– Vi er dei einaste som førebels er godkjent til å produsere det, fortel Paul Ragnar Frøise som har ansvaret for kvalitetssikringa av produksjonen i Skjåk.

– Dette er artigt, ingen tvil om det, seier produksjonsleiar Inge Gjerdet. Samstundes er det litt «harmeleg» òg, i og med at konseptet er seld. Men, ikkje hadde vi hatt kapasitet og ikkje hadde vi hatt plasseringa i forhold til marknaden, seier han.

Les meir i Fjuken nr. 37.