– Eg må vedgå at det kom litt overraskande på meg, dette her, seier Kristin Myrhaug.

Frå torsdag 1. oktober gjekk 27-åringen frå Lom over frå 75 prosent stilling som butikkmedarbeidar, til 100 prosent stilling som butikksjef på Coop Mega i Lom.

– Det var mange søkjarar. Så vidt eg har fått med meg så var vi 11 som søkte på stillinga, seier Myrhaug.

Den blide jenta fortel at ho lenge har hatt ein liten draum om å bli butikksjef. Hovudgrunnen til at Kristin søkte på stillinga som butikksjef var eit ynskje om større utfordringar.

– Eg har alltid tenkt at eg ikkje ville vere medarbeidar resten av livet, og når butikksjefstillinga på Mega vart utlyst, så baud sjansen seg, seier ho.

Kristin har fagbrev i sal og service, og har jobba på Coop Mega i Lom i fem år, fyrst som ekstrahjelp. I denne perioden har ho også jobba ein del på kontoret på varehuset.

– Det blir svært spennande å vere butikksjef. Eg er klar for dei utfordringane som ventar meg, seier Myrhaug.

Som butikksjef får ho mellom anna ansvaret med å setje opp vaktlister for personalet, bestilling av varer, vere i dialog med leverandørane, og fylle inn varer i butikken.

– Det er mykje å setje seg inn i, men eg har heldigvis gode kollegaer til å hjelpe meg, folk som har jobba i butikken i mange år og såleis kjenner drifta godt, seier Kristin Myrhaug.

Ho fortel at ho grua seg litt for å søkje på stillinga som butikksjef.

– Ja, eg var litt redd for at dei tilsette som har jobba her i mange fleire år enn meg ikkje skulle tykkje noko om at den yngste medarbeidaren eventuelt skulle bli sjefen deira. Men dei tilsette har teke meg varmt imot som butikksjef, og eg har fått berre positive ord, seier Kristin Myrhaug.

Den nye butikksjefen vil vere mykje synleg framme i butikken, og understrekar at ho ikkje vil vere nokor kontorrotte.

– Eg har alltid likt fysisk arbeid, og kjem ikkje til å vere på kontoret meir enn høgst naudsynt. Eg vil heller treffe kundane og jobbe framme i butikken slik som dei andre tilsette, seier Kristin.

Men ein del kontorarbeid må ho likevel førebu seg på i framtida.

– Det eg ser på som den største utfordringa er å setje opp vaktlistene. Særleg i høgtider og om sommaren med ferieavvikling og mykje sommarhjelp. Eg trur det blir litt av ein kabal, seier Myrhaug, men tenkjer at det nok går seg til, som alt anna.

Coop Mega er éin av tre daglegvarebutikkar i Lom. Kristin meiner det er sunt med konkurranse, men fortel at målet hennar er å ha ein så bra butikk at kundane bevisst vel å handle på Mega.

– Eg og dei andre tilsette skal gjere alt vi kan for at kunden skal trivast på Coop Mega i Lom, forsikrar butikksjefen.

–Eg kjem ikkje til å vere på kontoret meir enn høgst naudsynt, seier Kristin Myrhaug. Foto: Tom Erik Solstad