Den fyrste meldinga kom til politiet klokka 19.10 laurdag kveld. To kvinner som hadde vore på Galdhøpiggen hadde gått seg vill ved Breagrove på tur ned att. Mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps trådde til, og fekk geleida kvinnene ned til Spiterstulen att. Kvinnene var nede att klokka 02.30 natt til sundag.

Klokka 23.45 laurdag kveld fekk politiet ei ny melding om tre menn som hadde vore på Galdhøpiggen, og mista stien ved Svellnosbreen, der dei hadde «gått seg fast» i bratt og ulent terreng. Politiet fekk ikkje tak i hjelpekorpset, som allereie var opptekne med å redde dei to kvinnene frå Breagrove. Resultatet vart at to politibetjentar frå patruljen i Ottadalen tok seg innover frå Spiterstulen med lommelykt og anna naudsynt utstyr, for å hjelpe dei tre mennene. Klokka 05.30 sundag morgon var turgåarane og politibetjentane trygt nede att.

Vakthavande på operasjonssentralen i Gudbrandsdal politidistrikt, Hallgrim Ous, fortel til Fjuken at politiet har fått uvanleg mange meldingar i sommar og i haust, frå turgåarar som treng hjelp.

– Mange er nok ikkje så godt rusta, og fjellturane er meir krevjande enn dei trur. Fleire ringer så fort dei blir slitne, og nærast forlanger å bli henta ned med helikopter. Men det er ikkje så enkelt, seier Ous, som håpar folk tenkjer seg om, og førebur seg, før dei legg ut på ein krevjande fjelltur som til dømes både Galdhøpiggen og Besseggen er.