Dette betyr at oppmåling og utgraving av tomter og anleggsområde kan bli gjort enno meir presist enn i dag.

Medan mobiltelefonen kan bomme på ein posisjon med fleire meter, kan Kartverket fastslå posisjonen ned på centimeternivå.

– Dette er viktig mellom anna i anleggsbransjen. Det er kostbart for ein entreprenør å grave feil, til dømes om ein straumkabel blir kutta eller om ein tek ut for mykje masse og må køyre det attende, noko som også vil belaste miljøet, seier Kristin Skjerven i Kartverket.

Basestasjonen som er montert på Øyberget kraftstasjon i Skjåk, inngår i eit landsdekkjande nettverk av om lag 180 stasjonar som tek imot og korrigerer satellittsignal, slik at Kartverket sine posisjonstenester blir så nøyaktige som mogleg.

I fyrste rekkje er det offentlege verksemder, bedrifter og næringsdrivande som abonnerer på posisjonstenestene, og som nå får meir nøyaktige posisjonar å jobbe med.

Mange av dei arbeidar innan bygg og anlegg, men også landbruksnæringa brukar posisjonstenester flittig. For ein bonde er gevinsten av nøyaktig posisjonsavgjerd at det blir mindre overlapp av såfrø, samstundes som mindre gjødsel og plantevernmiddel går til spele.

Data frå Kartverket sine basestasjonar blir også brukt til jordobservasjon, til å bestemme landheving, vêrvarsling og overvaking.

Kartverket har ansvar for den nasjonale referanseramma for geografisk informasjon, som er det offisielle grunnlaget for kart og posisjonsavgjerder i Norge.