Politiet fekk melding om ei trafikkulykke i Skjåk via AMK klokka 15.56 torsdag ettermiddag.

Ulykka skjedde på Rv15 ved Vollungsbrua, i krysset til Fv483 Skjåk solside.

To bilar, med éin person i kvar bil, var involvert i ulykka. Båe bilane kom frå vest. Den bakarste bilen skal ha køyrd inni bakenden på bilen framfor som skulle svinge av riksvegen og inn på fylkesvegen.

Om lag klokka 17 melder politiet på Twitter om at ei kvinne i 20-åra er frakta til sjukehuset på Lillehammer for sjekk, og at vegen er opna att for fri trafikk.

Dei to personane som var involvert i ulykka er båe lokale.